Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Oljeverksemda i Nordsjøen

Målsetjing: Elevane skal oppnå kompetanse om utvinning av olje og gass i Nordsjøen.

Innhald: Vi besøker oljeutstillinga i Snorreankeret ved Kystmuseet, og fortel om oljeverksemda rett utanfor kysten vår. Elevane lærar om korleis olja vart laga av mange millionar år gamle dyre- og planterestar frå den tida då dinosaurane rådde jorda. Så viser vi korleis dei leitar etter olja, korleis dei hentar olje og gass opp til overflata og korleis transporten til land går føre seg. Busstur til Fjord Base, og omsyning på dette store området som er forsyningsbase for delar av oljeverksemda på norsk sektor.

Tidsforbruk: 3 timar

Klassesteg: 9.klasse eller vidaregåande skule. Max. ein klasse om gongen. OBS: Fådelte skular kan komme med fleire klassesteg.

Praktisk: Opplegget om oljeverksemda i Nordsjøen består av to delar. Del A er ustillinga ved Kystmuseet, og del B er omsyning på forsyningsbasen Fjord Base. Om ein gjennomfører del A eller del B først, er avhengig av når på dagen skuleklassar kjem. Dette vert avtalt ved påmelding. Ein kan og gjennomføre berre ein av delane.

Del A:

Oppmøte på Kystmuseet, hovudinngangen. Velkommen og kort orientering om opplegget. Spørsmålsrunde til elevane om olje- og gassutvinning (sjå under førearbeid).

Omsyning i Snorre-ankeret og utstillinga om olje- og gassproduksjon i Nordsjøen. Elevane får informasjon om sjølve bygget (modell av eit anker), deretter om Snorreplattforma. Vidare får dei sjå modellar som gjev god innsikt i heile prosessen frå urskog og grøne planter, fram til olje og gass vert ført i land. Dei lærer om korleis grunnlaget for olje og gass vart skapt for millionar av år sida, kort innføring i geologi, korleis ein leitar etter olje og gass, korleis olja ligg i bergartane, og om boring og produksjon.

Ein stor modell syner korleis olje- og gassproduksjon i Nordsjøen går føre seg, både med plattformar, boreskip, røyr-leidningar, tankskip med meir. Elevane får også vite om tryggleik i samband med olje- og gassutvinning, undervassarbeid, om forsyningsbasen i Florø, og dessutan om mogelegheiter for jobb i petroleums-sektoren og krav til utdanning og kompe-tanse. Økta med omsyning i Snorre-ankeret tek omlag ein time. Etterpå er det evt. omsyning på Fjord Base.

Del B:

Busstur til Fjord Base (ca. 10 minutt). Ansvarleg frå Kystmuseet er til vanleg med bussen. Ein representant for basen guidar oss rundt på dette store området som er forsyningsbase for delar av oljeverksemda på norsk sektor i Nordsjøen. Omsyninga går føre seg ved at bussen køyrer rundt på området. Omsyninga tek omlag ein time, og inkluderer rundtur med buss ca. 35 minutt, film om Florø 11 minutt eller film om bedrifta INC (som mellom anna eig Fjord Base) 12 minutt.

Etter fjordbasen køyrer bussen direkte til Kystmuseet eller til Florø hamn, ca. 10 min. køyring. Ved retur til Kystmuseet er det omlag 300 meter å gå frå bussen til museet. Leigeavtalen med bussen er no slutt, og bussen returnerer til busstasjonen.

Forankring i lærarplanane

Kostnad: Skulane må til vanleg sjølve dekkje transportkostnadar for reisa til/frå Kystmuseet. Busstransport mellom Kystmuseet og Fjord Base må kvar skule koste sjølve.Firda Billag sender faktura direkte til skulen. Kystmuseet tingar buss til/frå Fjord Base.

Tidsrom for opplegg: Etter avtale i vårsemesteret.

Førearbeid: Det er ikkje naudsynt med førearbeid, men elevane bør kjenne til kva dei skal lære om på museet.

Nyttige lenker:

Norsk Oljemuseum, Stavanger
Norsk oljehistorie i korte trekk
Statistikk om norsk petroleumsverksemd frå Statistisk sentralbyrå
Oljeindustriens Landsforeining sine heimesider
Olje-og energidepartementet sine heimesider
Side om m.a. mikrofossile og jorda sin geologiske utvikling. Passar for ungdomsskulen
Natur og ungdom sine heimesider med stoff om olje, gass og andre energiforme
Bellona sine heimesider om energi


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.