Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Opningstider:
Mån-fre: 10.00 - 15.00
Søndag: 12.00 - 15.00

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Velkomen til Kystmuseet

Kystmuseet har hovudbase i Florø med tre utstillingsbygg og stort uteområde med flott natur og gamle hus. Vi har aktivitetar for barn og vaksne både ute og inne. Langs museumsløypa finn du hyggelege rasteplassar der du kan ete niste, og i caféen vår finn du kaffi, kaker og kioskvarer. I sommarsesongen har vi geiter på beite og robåtar til utleige.

Utstillingane våre formidlar natur- og kulturhistorie frå kysten av Sogn og Fjordane. Her er ei stor båtsamling, gjenstandar frå bygd og by ved kysten og ei utstilling om den moderne oljeverksemda. Blant dei lokale kulturminna finn ein klare spor etter kontakten med omverda, som kinesisk porselen, silkeputer og kakeboksar frå Quality Street.

Frå båthallen, ein vengebåt barn og vaksne i aktivitet på museet bilde frå museumsområdet

Museet har også anlegg i andre kystkommunar i fylket. Størst er handels- og gjestgivarstaden Vågsberget i Vågsøy.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.