Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Bataldebua

Første del av 1800-talet – fram til 1860 var det eit rikt sildefiske vest for Florø, i ”nordre vårsilddistrikt” Dette førte til ei stor tilstrøyming av fiskarar og oppkjøparar. Desse sette opp saltebuer der dei tok imot silda og salta den i tønner. Bataldebua, som sto i Batalden,  var ein av desse, og ein av dei største. På slutten av 1920-talet blei bua flytta til Sunnfjord museum, som då låg i Førde sentrum. På slutten av 1950-talet flytta museet til Movika, to mil aust for Førde, og dei fann at bataldebua ikkje passa inn der. Difor blei den demonterte bua flytta og lagra i Florø i 1960. Meininga var å lage ein sjøbruksavdeling her under Sunnfjord museum. Det blei ikkje noko av. Då Kystmuseet blei stifta, overtok vi bua. Den blei oppført på museumsområdet i 1992.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.