Opdal skulemuseum

Oppdal skulemuseum, Kystmuseet

Skulehuset blei bygd i 1893/94, som grendaskule. I skulestova sto det opphavleg pultar med plass til tre, tre-setarar, med lause benker. Frå om lag 1925 fekk dei to-setarar. Brensel og reinhald gjekk på omgang. Kvar husstand gav eit band tynneved eller ein torvsekk. Skulen var i drift fram til 1968.

Skulehuset har òg vore mykje nytta som kulturhus. Lagsarbeidet i bygda har fram gjennom åra vore godt. Eit svært aktivt ungdomslag, Gula, og fråhaldslaget Fjellbekken og misjonsforeiningar nytta alle skulehuset. Når det var festar, åt dei hjå Jan Opdal i nabohuset. Frå 1950-talet åt dei på lemen.

I 1990 utarbeidde kulturstyret i Gulen ein museumspolitikk, der Opdal skulehus skulle bli eit skulemuseum for kommunen. Samstundes blei skulehuset Kystmuseet sitt ansvar og vårt anlegg i Gulen i tråd med museets desentraliserte modell.