VÅGSBERGET

Vågsberget, Espen Mills

Vågsberget ligg vakkert til mot sjøen ein kort køyretur frå Måløy, på vegen mot Vågsvåg og Kannesteinen. Det var eit av mange handels- og gjestgjevarstadar langs kysten vår, og er idag eit av dei mest komplette og ivaretekne vi har att i Noreg. 

Frå Jonsok til skulestart er det ope for publikum, med kafe i Driftsbygningen og omvisning i Hovudhuset og tunet. Her er er både faste og skiftande utstillingar. Lokalene vert óg brukt til kurs- og møteverksemd og til selskapslokale.  

Vågsberget har ope i sommarsesongen, sjå info om opningstider og billettprisar.

For meir informasjon sjå under samlingane.