Museumsvertar på Vågsberget til sommarsesongen 2019

Er du på jakt etter hyggeleg sommarjobb i Måløy? På særeigne Vågsberget handels- og gjestgjevarstad, ønskjer Kystmuseet to museumsvertar/omvisarar.

Vågsberget

Tidsrom

Vågsberget er ope og tilbyr omvisning i sommarsesongen frå Jonsok til skulestart.
Opningstida er torsdag, fredag, laurdag og sundag frå kl 12 til kl 18, og dette
er den vanlege arbeidstida til vertane.

Oppgåver

  • mottak av publikum, sal av billettar, omvisning enkel kafe-drift og publikumshandsaming.
  • reinhald og daglege driftsoppgåver ute og inne.
  • De får opplæring og tydeleg arbeidsinstruks før oppstart.

Du må

  • vere over 18 år
  • ha gode språkkunnskapar i norsk og engelsk.
  • Kunne arbeide sjølvstendig
  • Kunne løyse praktiske oppgåver knytt til dagleg drift på Vågsberget.

Du bør

  • ha god evne til, og engasjement for å formidle Vågsberget si historie, både på norsk og engelsk
  • vere serviceinnstilt og ansvarsbevist
  • vere fleksibel
  • ha interesse for og gjerne kunnskap om lokal og nasjonal kulturhistorie.

Løn etter avtale basert på landsovereinskomsten for museum (Virke).

Søknadsfrist tysdag 23.april. Send søknad merka "Sommarjobb" og CV, 
på e-post til avdelingsdirektør Berit Høivik, Berit.Hoivik@misf.museum.no.
Aktuelle kandidatar vil bli kalla inn til kort intervju.
Spørsmål kan rettast til Berit Høivik, tlf 95 80 17 08 eller på e-post.