Kystdagen

Famileaktivitetar og smak av mattradisjonar

Legg søndagsturen til Kystmuseet og opplev kystkultur med familie og vener!

Den store familiedagen på museet er i år flytta til andre søndag i september; med aktivitetar som lafting, spikking, toving, lage leikebåtar, naturbilete, knutar og hoppetau, Elias-båten og natursti. Smaksprøver og servering av god tradisjonsmat ute og inne.

Billett vaksne kr 50.- og born over 4 år kr. 30.- Vi tek Vipps eller kontantar.

Tips: la bilen stå heime om du kan, og kom gåande/syklande.