Haugefisk
MS Haugefisk eit av dei yngste verna fartøya i Norge. Den vart bygd i 1978 som shelterdekka havfiskebåt for autoline- og garnfiske og dreiv fiske i Nordsjøen, Nordatlanteren og Barentshavet. Haugefisk vart kondemnert i strukturkvoteordninga og Kystmuseet overtok fartøyet i 2005. og Riksantikvaren kom då med følgjande fråsegn: Ingen autolinebåtar er tidligare forsøkt bevart, og havfiskeflåten generelt er svært dårleg representert i vernesamanheng. Riksantikvaren ser difor sers positivt på Kystmuseet sitt initiativ for bevaring av Haugefisk.
Restaureringa av MS Haugefisk er støtta økonomisk av Bremanger kommune, Fiskeri- og kystdepartementet, Riksantikvaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune og ei rekkje private sponsorar.
Haugefisk, som har heimehavn i Iglandsvik i Bremanger, er drifta av Haugefisk Venner. Den blir nytta til dagsturar i nærområdet og til overnattingsturar både innaskjærs og til øyane vest i havet, Shetland, Færøyane og Orknøyane. Haugefisk blir og nytta til formidling av kystkultur på ymse arrangement og til Den kulturelle skulesekken i Bremanger kommune (lenke til Youtube)
Spørsmål om bruk av Haugefisk kan rettast til leiaren av Haugefisk venner, Kåre Jarl Langeland k-jlange@hotmail.co