Formidlingstilbod

Kystmuseet har fleire undervisningsopplegg i tillegg til dei faste utstillingane. Vi tilrettelegg nye tilbod utifrå dei skiftande utstillingane vi har til ei kvar tid, og kan óg lage eigne opplegg etter skulane sine ynskje.

 

Tilbod til skular og barnehagar haust/vinter 2021

Skuleelevar på kunstutstilling.

 

 

 

 

 

 

 

 

 

 

Ungdomskuleelevar på kunstutstilling. Foto: Kystmuseet i Sogn og Fjordane.

 

Ta ei potet

Målgruppe: Fem/-seksåringar i barnehage i mai og 1.klasse i september. 

Dette er eit tilbod i to delar, som har som mål å gje dei same referanserammene for 5-åringane i barnehagen og alle borna i 1. trinn ved skulestart, og bidra til trygge rammer for overgang frå barnehage til skule. 

Her vil elevane på vårparten få sette poteter og helse på geitene på Brendøya, samt sjå spora etter tidligare husmannsplassar og lære om livet i gamle dagar. Om hausten kjem dei att for å ta opp poteter. Dei får lære om mat og matlaging før i tida i kjøkkenet på Kystmuseet, og prøve å male korn på «gamlemåten».

 

Oljeverksemd i Nordsjøen

Målgruppe: 9.klasse.

Vi legg opp til ei omvising i Snorre-ankeret der elevane får eit innblikk i liv og virke på ein oljeplattform. Her vil dei få kjennskap til den norske petroleumsverksemda med leiting og produksjon av olje og gass i Nordsjøen, samt Noreg si rolle som eksportør av energi til verda.

Opplegget har som mål å gi elevane eit nyansert bilde av oljas posisjon i norsk historie, tydinga for det norske velferdssamfunnet og livet ved kysten. Vi har ambisjonar om at eit besøk hos oss vil gje elevane verktøy til å drøfte og diskutere positive og negative sider ved fossile energikjelder. Opplegget gjennomførast etter avtale, og kan tilpassast noko etter ynskje.

 

Kunstutstilling: "Kystlandskap" med Bjørn Hegranes

Målgruppe: 8. – 10. trinn
Tidsrom: August – september
Lengd: 2 skuletimar

Elevane får ei omvising i utstillinga «Kystlandskap» før dei sjølv får teste sine kreative evner i praksis. Her vil dei bli betre kjent med Florø-kunstnaren Bjørn Hegranes gjennom verker frå heile hans karriere – frå akvareller og grafikk til materialbilde.

Elevane vil få ein introduksjon til grunnleggande kunstanalyse og innblikk i teknikkane Hegranes nytta, og vil bli utfordra til å snakke om og diskutere kunst. Som ein avslutning på besøket vil elevane få prøve seg på å kopiere eit valfritt verk med penn og papir.

Advent på Kystmuseet

Målgruppe: 4. trinn
Tidsrom: desember
Lengd: 2 skuletimar

Førjulstida er ein tradisjonstung tid for mange, med mange gjeremål og store forventningar. I desember kan klassar på 4. trinn få lære om julefeiring på Vestlandet før i tida gjennom mattradisjonar og folketru, dei får lage eigen julepynt og smake på den gamle julefeiringa.

 

Skreddarsydde tilbod

Kunne du tenke deg ein tur på museet, men er usikker på kva for tilbod som passar di gruppe? Vi kan skreddarsy formidlingsopplegg tilpassa ynskjer, tema og aldersgruppe. 

Ta kontakt med formidlingsleiar dersom de har spørsmål.
Epost: stinaceline.gjerdingen@misf.museum.no       Telefon: 98 26 98 53

Geiter og jente på Brendøya med Kystmuseet i bakgrunnen.