Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Samlingane

Kystmuseet tek vare på kulturlandskap, bygningar og gjenstandar frå kysten av Sogn og Fjordane. Kulturlandskap er menneskeskapte og treng skjøtsel for ikkje å endre karakter. Bygningane er ofte ein sentral del av landskapet, og landskapet fortel også om bruken av husa. Dei fleste av våre bygningar står i sitt opphavlege miljø, noko som gjer at vi har anlegg spreidd langsetter kysten. Du finn meir informasjon under menypunktet Våre anlegg.

Kystmuseet har ei rik gjenstandsamling frå bygd og by ved kysten. Båtar og reiskapar knytt til fiskeri og sjøliv har naturleg nok fått stor merksemd, men her er også klede, møblar og reiskapar frå jordbruket. Museet har og fotografi frå regionen, tekne av både privatpersonar og fotografar. Vi registrerer samlinga digitalt, og du kan søkje etter gjenstandar og foto på digitalt museum.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.