Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Opningstider:
Mån-fre: 10.00 - 15.00
Søndag: 12.00 - 15.00

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Om museet

Kystmuseet er ei avdeling av stiftinga "Musea i Sogn og Fjordane". Museet har hovudbase i Florø med tre moderne museumsbygg i eit 74 mål stort friområde. Museet ligg i eit variert kystområde bunde saman med spaservegar og bruer. Langs vegen gjennom området blir det bygd eit frilandsmuseum med tilflytta hus - både gardstun, tettstad og fiskevær. Her ligg mellom anna Bataldebua - ei saltebu frå 1800-talet.

Arbeidet med eit museum som skulle dekke ytre strok av fylket tok til i 1975. Interessa for kystkultur hadde auka i Noreg, og dei etablerte musea i Sogn og Fjordane låg ikkje slik til at dei hadde naturleg tilknyting til kysten. Kystmuseet blei formelt stifta i 1980 og var frå starten av desentralisert. Museet freistar å ta vare på hus og anlegg der dei opphavleg høyrer heime, og berre som siste utveg vert bygg flytta til museumsanlegget i Florø.

Kystmuseet ligg i og har samla inn lokalt materiale frå eit gamalt kulturlandskap: den atlantiske lyngheia som stekkjer seg frå Lofoten og nedover på begge sider av Nordsjøen og langs Biscaya til Portugal. I dette landskapet voks det fram ei livsform og eit sosialt rom som mange framleis kan kjenne seg att i på heile den lange strekninga der lyngheia framleis blømer. Hovudhusa inneheld administrasjon, eit godt fagbibliotek, arkiv og ikkje minst fagfolk som står til teneste for publikum. Utstillingane viser m.a. lokale båttypar, fiskeri, fraktefart, interiør i ein fiskarheim på byrjinga av 1900-talet, lokal fauna og ei av dei største permanente oljeutstillingane i landet. Kystmuseet ynskjer alle velkommen til å vitje samlingane på museet!

Ansvarsområde

I Museumsplan for Sogn og Fjordane vert det slått fast at museet er ansvarsmuseum for kommunane Gulen, Solund, Hyllestad, Askvoll og Flora. I kommunane Bremanger, Vågsøy og Selje skal Kystmuseet ha ansvar for oppgåver som er spesifikt sjøvende, medan andre oppgåver skal leggast til Nordfjord Folkemuseum. Kystmuseet er eit distriktsmuseum for kyststroka og er difor eit ålment kulturhistorisk museum. Vi legg vekt på båtsamlinga, og har hovudansvar for fartøyvern i fylket. Vi legg vekt på kystøkologi ved utforming av utstillingar. Kystmuseet fungerer som kystkommunane sin museumsrådgjevar når dei treng faglege råd.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.