Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Svømmianna

Råsegljekt bygd i Frivik, Ytre Sogn i 1896. "Svømmianna" har i alle år vore ei frakteskute. Ho var bygd som råsegljekt, ei såkalla "råbikkje". Slik segla ho fram til 1908, då ho fekk installert sin første motor. Seinare vart det mindre og mindre att av jekta, og ho vart ombygd og modernisert etter som tida stilte nye krav. I 1930 hadde ho mast og lugar framme, lasterom midtskips, og styrehus, ruff og maskinrom akterut. Ho vart ombygd ein gong til i 1950, men etter same mønster. Seinare fekk ho nytt ror, av stål, og ishud.

"Svømmianna" hadde mange eigarar. Den som åtte henne lengst, var første eigaren. Han dreiv henne i heile 17 år. Elles var det eigarskifte omlag kvart 5. år i gjennomsnittet. Nokre av eigarane var partsreiarar og aksjeselskap, andre åtte henne åleine. Første tida gjekk "Svømmianna" i fart på kysten mellom Nordfjord, Sunnfjord og Sogn og Bergen. Lasta var bark, never, hasleband, tønnestaver eller ved frå distrikta inn til byen. Ho var og på turar til Nordland og Finnmark med tønner som dei frakta tilbake med saltsild.

I 1928 vart namnet endra til "Solo". I 1935 grunnstøtte ho, og fylgjene var at delar av kjølen måtte skiftast. Ho gjekk framleis i sildefrakt på 50-talet, men etterkvart vart det frakta mykje gjødsel, skjelsand og singel. I denne perioden fekk "Solo" hard medfart. Sjøfartskontoret gav pålegg om utbetringar og skriv i rapporten:

"Fartøyet har gått i singelfarten og lasting og lossing har foregått med grabber. Lukekarmen var i meget dårlig forfatning. Kravellene var for det meste gjennområttnet, så det var merkelig at det hele holdt sammen. Rundt lukekarmen i    dekket var lekkasje, men dette betød ikke så meget etter eierens oppfatning da fartøyet førte bare singel...."

Fram til 1976 gjekk ''Solo" i frakt langs norskekysten. Etter oljekrisa vart ho seld på tvangsauksjon, og planen til den nye eigaren var å ominnreie båten til bruk som lystbåt. Det viste seg å bli for dyrt å sette "Solo" i stand til dette føremålet og båten vart seld vidare etter ei stund i opplag. Neste eigar, som var "veteranbåtsamlar" ynskte å restaurere ''Solo'' slik ho var i 1896, som ''Svømmianna'', men han kunne heller ikkje sjå seg råd til å gjere dette. Men planane vekte interesse hos mange etter at "Den siste flytande sognejekta" kom i avisa og i "Norge Rundt". I 1984 kjøpte Sogn og Fjordane Fylkeskommune Solo, og gav ho på nytt namnet "Svømmianna". Fram til 1985 låg ho i opplag ved båtmuseet i Kaupanger. Då vart ho flytta til det nyåpna Kystmuseet i Florø. Her låg ho medan det vart jobba med å finne løysing på finansiering og organisering av restaureringsarbeidet. I 1991 vart Stiftinga Bøya oppretta av Sogn og Fjordane Fylkeskommune. Stiftinga hadde som føremål å drive skule-, bu- og arbeidstrening for ungdom som var under omsorg av barnevernet. Restaureringsarbeid på Svømmianna var ein del av arbeidstreningstilbodet for ungdom på Bøya. Stiftinga vart oppløyst etter nokre få år avdi driftsstøtta frå Fylkeskommunen fall bort. I denne perioden vart det nedlagt mykje godt arbeid i restaureringsprosessen. Dokumentasjonsarbeidet er omfattande og det meste av materialen til resten av arbeidet er skoren og ligg lagra under tak.

Byggmeister: Ivar Dingen. frå Dingja i Gulen kommune
Byggjemåte: Kravellbygd, dels av eik, dels av furu.
Kjenningsmål: 65,2 fot lanG, 23,1 fot brei og 8,1 fot djup

SVØMMIANNA  representerer "den unge jekte-generasjonen", og må ha vore ei av dei største sognejektene. Dei eldre jektene var for det meste mindre, klinkbygde båtar, først og fremst karakterisert ved vengen, den høge stevnen og råseglsriggen. Det fanst mange variantar av jekta, men som type var jekta stort sett uforandra i 2-300 år.

Mot slutten av 1800-talet vart jektene større. Jektene vart bygd etter kravellprinsippet, fekk innvendig garnering, vengen forsvant, der kom dekk framme og akter, hekksarmar til å henge hekksbåten i. Endringane var truleg inspirert av jakta og andre større frakteskuter. På denne tida var hardingane "ekspertar" på jaktebygging, og mange hardingar deltok i skipsbygging i Sogn.

Det er i denne tradisjonen vi finn SVØMMIANNA. Det vert sagt at hardingar har vore med på å byggje henne. Det som karakteriserer SVØMMIANNA som jekt, er den høge stevnen, og den tradisjonelle jekteriggen som ho opprinneleg var utstyrt med. Skroget derimot, har tydelege trekk fra jakta. Særleg ser ein dette ved forma på akterspeilet og forskipet, og største breidde som samanlikna med eldre jekter er trukke lenger akter i båten.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.