Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Oppdal skulemuseum

Skulehuset blei bygd i 1893/94, som grendaskule. I skulestova sto det opphavleg pultar med plass til tre, tresetarar, med lause benker. Frå om lag 1925 fekk dei tosetarar. Brensel og reinhald gjekk på omgang. Kvar husstand gav eit band tynneved eller ein torvsekk. Skulen var i drift fram til 1968.

Skulehuset har òg vore mykje nytta som kulturhus. Lagsarbeidet i bygda har fram gjennom åra vore godt. Eit svært aktivt ungdomslag, Gula, og fråhaldslaget Fjellbekken og misjonsforeiningar nytta alle skulehuset. Når det var festar, åt dei hjå Jan Opdal i nabohuset. Frå 1950-talet åt dei på lemen. I 1990 utarbeidde kulturstyret i Gulen ein museumspolitikk, der Opdal skulehus skulle bli eit skulemuseum for kommunen. Samstundes blei skulehuset Kystmuseet sitt ansvar og sitt anlegg i Gulen i tråd med museets desentraliserte modell.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.