Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Langebua

Langebua vart sett opp på Hyllestad kring 1895 av Nikolai Hansen Korssund (f. Ramsgrø) som dreiv lakseeksport i Korssundet. Seinare flytta han sjølv til Hyllestad. Bua stod tidlegare på Bjørnøya i Bulandet, brukt som saltebu. Det blir sagt at bua skal ha vore flytta ein gong før, då frå Smørhamn i Bremanger. Det er ikkje godt å seie kva planar Nikolai Hansen hadde med å setje opp ei såpass stor bu i Hyllestad, men han starta i alle høve med oppkjøping og nedising av laks der før han sjølv flytta til bygda. Folk frå bygda saga is ved Vassenden i Kleivevatnet og køyrde den med hest ned til bua der dei mol isen til småbitar på ei handsveivd kvern. Laksen vart lagd i kassar med is oppå og under. Oppkjøpet vart gjort m.a. på Lirei og Rindane som hadde sitjenot, sikkert også hjå fleire. Meiner at laksen vart send med rutebåt frå Hyllestad. Det er usikkert om Nikolai Hansen dreiv sildesalting i bua då han sjølv kom til Hyllestad. Han skal ha vore helseveik på denne tida. Under 1. verdskrigen brukte Olai Haugland bua til mjøllager i samband med provianteringsrådet. Han heldt fram med å lagre varer der også etter krigen, m.a. kom det ei heil skøytelast med jernvarer frå eit firma som gjekk konkurs i Bergen.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.