Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Nilsenslippen

Skudalen Slipp og mekaniske verkstad, på folkemunne kalla Nilsenslippen, blei bygd i Florø sentrum i 1935. Den var ein av svært mange slippar som kom til i dei første tiåra på 1900-talet. Dei fungerte som service-stadar for den voksande flåten av dekka og motoriserte fiske- og fraktefartøy. Ved sidan av slipp hadde Skudalen Slipp og mekaniske verkstad smie, mekanisk verkstad og snikkarverkstad. På det meste var det 7-8 mann her som utførte reparasjonar på motorar, skrog og overbygg. Dei kunne slippsette fartøy opp til 60 fot. Etter kvart utvikla fartøyflåten seg slik at slippar av denne typen blei avleggs. Nokre blei utvida og modernisert, andre blei nedlagt og rivne. Skudalen overlevde denne endringsprosessen, då son av grunnleggjaren dreiv reparasjon av lystbåtar og motorar her fram til han døydde i 1987. I 1988 skulle anlegget rivast på grunn av nytt parkeringsanlegg til det nye Snorresenteret. Kystmuseet fekk bygget med inventar, demonterte og bygde det opp på museumsområdet i 1992/1993


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.