Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Jensenbua

Jensenbua blei tidlegare kalla Midthjellbua. Kristian Midthjell kom til Måløy rundt 1890. Han var gift med Dorthea Telvik Han bygde bustadhus med forretningslokale i kjellaren der han dreiv landhandel. Samtidig som bustadhuset ble bygget ble første halvdel av sjøhuset reist. Resten kom nokre år seinare. Sjøhuset var i første omgang bygd som lager for landhandelen. Allereie før hundreårskiftet utvida Midthjell verksemda til å omfatte byggevarer. Den mest interessante tida for Midthjellbua var vel kanskje då dei store torskefiskeria tok til i vårt distrikt rundt 1912. Midthjell begynte då å kjøpe fisk. Den ble flekka og salta på sjøhuset. I 1954 legde Sivert Elvebakk sjøhuset og starta mottak av pigghå. Året etter overtok familien Jensen bua. Dei hadde to line- og garnbåtar (Blanco og Henning) Dei brukte sjøbua til lager og arbeidsplass. I 1993 skulle sjøhuset rivast. Kystmuseet demonterte den og sette den opp i Florø året etter.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.