FRILUFTSOMRÅDET BRENDØYA

Geitene, Brendøya, kystmuseet

Ute kan du vandre langs museumsløypa og finne informasjon om kyst-natur og kultur. Turvegen er universelt utforma og slynger seg gjennom eit variert kystlandskap, med holmar og sund, bunde saman av bruer. Landskapet er ein del av den vestnorske lyngheiregionen, og i det historiske kulturlandsklapet på Brendøya er spora etter mange generasjonar med busetting framleis synlege. Om sommaren har vi geiter og villsau som beiter her, og mange legg turen innom for å helse på dyra eller oppleve staden.