Standalbua

Standalbua, Kystmuseet

Standalbua, som tidlegare vart kalla Ørenbua, har fått namn etter Mads H. N. Standal, som var disponent for og deleigar i Landbruk Maskinaktieselskap, som hadde butikklokale i Strandgata 35 i Florø.

Landbruk hadde omfattande drift, både engros- og detaljforretning innan jernvarer, papp, gjerdenetting, olje, gass, bunkersforretning med meir.

Standalbua vart brukt som pakkhus for forretninga. Før Landbruk overtok sjøbua var den brukt som saltebu for sildesalting. I 1986 skulle Standalbua rivast avdi meieriet, som låg på naboeigendomen, trong meir plass til bil-oppstilling. Kystmuseet demonterte bua og bygde den opp på museumsområdet to år seinare.