Bataldebua

Bataldebua, Kystmuseet

Første del av 1800-talet – fram til 1860 var det eit rikt sildefiske vest for Florø, i ”nordre vårsilddistrikt”. Dette førte til ei stor tilstrøyming av fiskarar og oppkjøparar. Dei sette opp saltebuer der dei tok imot silda og salta den i tønner. Bataldebua, som sto i Batalden,  var ei av desse, og ei av dei største.

På slutten av 1920-talet blei bua flytta til Sunnfjord museum, som då låg i Førde sentrum. På slutten av 1950-talet flytta museet til Movika, to mil aust for Førde, og dei fann at Bataldebua ikkje passa inn der. Difor blei den demonterte bua flytta og lagra i Florø i 1960. Meininga var å lage ein sjøbruksavdeling her under Sunnfjord Museum. Det blei ikkje noko av.

Då Kystmuseet blei stifta, overtok vi bua. Den blei oppført på museumsområdet i 1992.

Den inneheld ei fast utstilling som omhandlar sildetida, og havforskinga knytt opp mot dei skiftande førekomstane av silda.

 Bua vert no nytta til salting av sild og undervisning med skuleklassar kvar vinter. Formidlingsopplegget finn du her. 

Sildeflekking, Kystmuseet

Bataldebua, Kystmuseet