OLJEUTSTILLINGA

Snorreankeret, Kystmuseet i Florø

I utstillingsbygget "Snorre-ankeret" kan du sjå ei stor utstilling om oljeverksemda utanfor kysten vår; korleis vi finn og tek opp olje og gass, og korleis arbeidet og livet på ei plattform kan arte seg. To plattformer har fått særskilt merksemd hos oss; Snorre A som ligg 150 km vest for Florø, og Gjøa som ligg berre om lag 44 km frå kysten her. Utstillinga viser kvifor det er så store forekomstar av olje og gass på vår sokkel.

Omvising med guide på Snorre-ankeret er inkludert i billetten.

Vi du lese meir om Noregs fyrste dinosaurfunn i Snorrefeltet? Sjå vedlagt link til Naturhistorisk museum.