Museet si historie

Kyststemna, Florø

Kystmuseet i Sogn og Fjordane blei formelt stifta i 1980 og har frå starten av vore desentralisert. Museet freistar å ta vare på hus og anlegg der dei opphavleg høyrer heime, og berre som siste utveg vert bygg flytta til museumsanlegget i Florø. I 2009 vart Kystmuseet i Sogn og Fjordane ein del av Stiftinga Musea i Sogn og Fjordane (MISF) som er det konsoliderte museet for Sogn og Fjordane.

Ansvarsområde

Kystkommunane GulenSolundHyllestadAskvollFloraBremangerVågsøy og Selje var alle med på å stifte Kystmuseet som eit kulturhistorisk museum for kyststroka av Sogn og Fjordane. Kystmuseet fungerer som kystkommunane sin museumsrådgjevar når dei treng faglege råd. Tematisk vektlegg Kystmuseet kystnæringar som fiske og sjøfart i kombinasjon med jordbruk, kystøkologi og lyngheia som kystens kulturlandskap.