Oljeverksemda i Nordsjøen

Oljeutstillinga KystmuseetSnorreankeret, Kystmuseet

Målsetjing:
Elevane skal få kjennskap til den norske petroleums-verksemda med leiting og produksjon av olje og gass i Nordsjøen, og vår rolle som eksportør av energi i verda.

Forankring i læreplan sjå https://www.udir.no/

Innhald:
I oljeutstillinga i Snorreankeret på Kystmuseet, fortel vi om oljeverksemda rett utanfor kysten vår. Elevane lærer om korleis olja vart laga av mange millionar år gamle dyre- og planterestar frå den tida då dinosaurane rådde jorda. Så ser vi på korleis dei leitar etter og henter opp olje og gass, og korleis produksjon og transport går føre seg. Her viser vi óg Norge si rolle som produsent og leverandør av energi i eit globalt perspektiv. Elevane får så eit innblikk i livet på ein moderne installasjon i Nordsjøen, med særleg fokus på tryggleik og miljø.

Så besøker dei Fjord Base, og får omvising på det store området som er forsyningsbase for delar av petroleums-verksemda på norsk sektor, særleg innan handtering av rør. No har basen óg store anlegg med anna verksemd og utveklar planar for framtidige næringar, og dette vert ein del av orienteringa.

Klassesteg:
9.klasse eller vidaregåande skule. Max. ein klasse om gongen. OBS: Fådelte skular kan komme med fleire klassesteg.

Praktisk:
Opplegget om oljeverksemda i Nordsjøen består av to delar. Om ein gjennomfører del A eller del B først, er avhengig av når på dagen skuleklassar kjem. Dette vert avtalt ved påmelding. Ein kan óg gjennomføre berre ein av delane.

Del A: Oppmøte på Kystmuseet, hovudinngangen. Velkommen og kort orientering om opplegget. Omvising og læringsaktivitet i Snorre-ankeret. Tidsbruk: 1 t og 30 m.

Del B: Besøk på Fjord Base. Ein representant for basen møter elevane, viser rundt og orienterer om ulike deler av verksemda. Besøket tek omlag ein time.

Tidsforbruk samla med transport: ca 3 timar.

Kostnad:
For skulane i kommunane Flora og Bremanger vert kostnaden dekka av Den Kulturelle skulesekken. Skulane må til vanleg sjølve dekkje transportkostnadar for reisa til/frå Kystmuseet. Busstransport mellom Kystmuseet og Fjord Base må kvar skule tinge og koste sjølve. Firda Billag sender faktura direkte til skulen.

Tidsrom for opplegg:
Etter avtale i vårsemesteret.

Førearbeid:
Det er ikkje naudsynt med førearbeid, men elevane bør kjenne til kva dei skal lære om på museet.

Ta kontakt med formidlingsleiar dersom de har spørsmål.
Epost: jorunn.bjerk@misf.museum.no       Telefon: 98 26 98 53

Nyttige lenker

Norsk Oljemuseum, Stavanger
Statistikk om norsk petroleumsverksemd frå Statistisk sentralbyrå
Norsk olje og gass sine heimesider
Olje-og energidepartementet sine heimesider
Natur og ungdom sine heimesider med stoff om olje, gass og andre energiforme
Bellona sine heimesider