Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Våre utstillingar i Florø

Kystmuseet har både faste og skiftane utstillingar. For informasjon om skiftande utstillingar, sjå under menypunktet Kva skjer i høgre marg.

Båthallen
I båthallen kan du sjå ulike typar Sunnfjord- og Nordfjordbåtar brukt i tida frå 1750 til 1930. Bakkejekta er den eldste, brukt i fraktefart til og frå Bergen. Jektefarten inn og ut fjordane, til Bergen og nordover til Lofoten har fått ekstra merksemd i utstillingane. Her er også utstilling om sjøkart, om ulike fiskeri og fiskereiskapar og om skyss- og fraktefart på 1900-talet.

By og bygd ved kysten 
Museet har ei utstilling om Florø by si utvikling frå 1860 til i dag.

Her er også ei interiørutstilling med interør frå ein fiskarheim på kysten rundt århundreskiftet, og ei spisestove frå ein handelsmann på 1920-talet.

 Elever på besøk i oljeutstillingenOlje 
I bygget "Snorreankeret" kan du sjå ei utstilling om oljeverksemda utanfor kysten vår. Utstillinga viser kvifor Noreg har så mykje olje, korleis vi finn og tek opp olje og gass, og korleis arbeidet og livet på ei plattform kan arte seg. To plattformer har fått særskilt merksemd hos oss; Snorre A som ligg 150 km vest for Florø, og Gjøa som ligg berre 40 km frå kysten her. Guidet omvisning på Snorreankeret er inkludert i billetten. 


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.