Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Båtar og leik

Målsetjing: Elevane skal få eit innblikk i kystkulturen i gamle dagar.

Innhald: Elevane får lære om ulike eldre fartøytypar og bruken av desse båtane, både lokalt og rundt om i verda. Elevane lagar enkle modellbåtar, og nyttar så båtane til leik på store landskapskart (på golvet) der delar av kysten og verda er teikna inn. Elevane leikar seg til læring om korleis liv og virke tidlegare var på kysten og på dei sju hav. Elevane skal bli inspirerte til eigen aktivitet med modellbåtar heime etter økta på Kystmuseet.

Tidsforbruk: 2-3 timar

Klassesteg: 3. og 4. klasse. Max. ein klasse eller 30 elevar om gongen. Fådelte skular kan komme med fleire klassesteg.

båter og lek

Praktisk: Oppmøte ved Kystmuseet sin hovudinngang. Elevar og lærarar vert ynskte velkomne av ein ansvarleg frå museet. Elevane får ein kort orientering om opplegget og kva som skal skje. Omsyning i båthallen, for å gje elevane betre grunnlag for modellbåtbygginga. Vi ser på ulike fartøy, frå små robåtar til større jekter, og lærer om ulike rigg- og segltypar (råsegl, sprisegl, gaffelsegl).

Vi er klare til bygging av modellbåtar. Museet sin ansvarlege syner og forklarar korleis dette skal gjerast. Deretter lagar elevane modellbåtar med rigg og segl. Utgangspunktet er foto eller teikningar av dei ulike seglfartøya som tidlegare vart nytta i Noreg, alt frå færingar til fullriggarar. Kystmuseet stiller med alt materiell. Etter at kvar elev har valt fartøytype, blir arbeidet å lime master på skroget, klippe segl av gråpapir, lime segla på mastene og montere tau i riggen. Ein må rekne ca. ein time til arbeidet med modell- båtane. Elevane kan ta til med leiken etter kvart som dei vert ferdige. På landskapskarta finst fjordar og øyer, byer og småstader, andre verdsdelar og fjerne strok. Garn skal setjast og fisken takast hand om, og så skal til dømes fisk og sildetønner førast med båt til Bergen. Eller kanskje skal ei last med skinn og huder hentast i Argentina, eller tømmer i Russland. Til leikeøkta er det utarbeidd ei liste der ulik bruk av båtane blir definert, t.d. segle med sild til Bergen, hente ei last med salpeter i Peru etc. Denne lista vil gje meir innsikt i den praktiske bruken av båtane, samstundes som den gjev elevane ulike roller. Leiken kan også vere meir fri og sjølvstyrt. Det er høveleg med ca. ½ time til leik.

Som avslutning er det felles ryddeøkt. Elevane vert delte inn i grupper, og alle er med på ryddeøkta. Det kan vere ein fordel at kvar elev har med seg ein vanleg plast berepose til å bere modellbåtane heim i, særleg med tanke på regnvêr.

Forankring i Lærarplanane

Kostnad: Kr. 10,- pr. elev til dekking av materialkostnadar. Faktura for dette vert sendt til skulen i ettertid. Skulane må til vanleg sjølve dekkje transportkostnadar for reisa til/frå Kystmuseet.

Tidsrom for opplegg: Tilbodet ved Kystmuseet gjeld veke 10, 11, 16 og 17 i 2016. Påmelding innan 1. mars.

Etterarbeid (for dei som vil):
Skriv ei historie eller lag ein teikneserie om livet ombord i ei seglskute.
Skriv om det du opplevde på Kystmuseet.
Finn foto av gamle båtar eller seglskuter på internett. Lag ei lita utstilling.
Lage måleri av seglskuter og ha kunstutstilling.
Elevane finn ut om dei kjenner nokon som har seglbåt. Kanskje får dei sjå ombord eller vere med å segle?
Les ei bok om livet til sjøs for klassen.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.