Aktuelt
 
Kva skjer
 
Besøk oss

Prisar:
Vaksen: 70 kr
Honnør/student: 40 kr
Under 18 år: Gratis

Sildeflekking

Målsetjing: Elevane får lære om sildefisket og kystkulturen i gamledagar.

Innhald: Elevane får omsyning på Batalde-bua, der det er ei utstilling om sildefisket før i tida. Etterpå skal elevane flekke sild på gamlemåten, med kniv på flekkebenken. Silda vert anten hengt opp til tørk på Batalde-bua eller teken med heim til opphenging. Opplegget kan kombinerast med omsyning hos Norway Pelagic AS, ein moderne produksjonsbedrift som tek imot sild og makrell.

Tidsforbruk: 2-3 timar

Klassesteg: 6. klasse. Max. ein klasse eller 30 elevar om gongen. OBS: Fådelte skular kan komme med fleire klassesteg.

Praktisk: Oppmøte ved Batalde-bua på Kystmuseet. (Ligg på Prestholmen. Hugs at Keilevågbrua er stengt!). Elevar og lærarar vert ynskte velkomne av ein ansvarleg frå museet. Elevane får ein kort orientering om opplegget og kva som skal skje. Omsyning i sildeutstillinga. Elevane får sjå båtar, garn, nøter og store bilete av båtar og folk som driv fiske eller jobbar med silda på land. Elevane lærer om korleis det rike sildefisket gav grunnlag for etablering av Florø by, og om det svært rike sildefisket på 1950-talet.

Hovudøkt med sildeflekking. Det er ein fordel å ha med oljeklede til denne økta, på grunn av arbeid med silda og mykje bruk av vatn. Kystmuseet sin ansvarlege syner korleis ein flekker sild. Elevane bruker så kniv og skal flekke to – tre sild kvar. Den flekte silda vert lagt i store kar med sjøvatn. Medan silda trekk til seg salt, får elevane sjå utstillinga i andre etasje som fortel om silda som fiskeart.

Til slutt vert silda hengt opp på stokkar på loftet av Bataldebua, ev. teken med heim til skulen, og alle skal vere med å rydde.

Viktig å hugse på: Ved store klassar på 30 elevar kan det verte noko venting undervegs. Dei som ventar kan ha aktivitetar ute eller sjå meir på utstillingasaman med ein vaksen. Sildeflekking går føre seg i mars månad. Det kan vere kaldt, og det er ikkje oppvarming på Bataldebua. Alle må derfor stille med gode og varme klede. Det er ikkje toalett på bua!

Forankring i lærarplanane

Kostnad: Museet tek 15 kr per elev. Minimum 10 elevar i gruppa. Faktura vert sendt til skulen i ettertid. Skulane må til vanleg sjølve dekkje transportkostnadar for reisa til/frå Kystmuseet.

Tidsrom for opplegg: Tilbodet gjeld veke 8 og 9 i 2016. Påmelding innan 31.januar. Silda kan hentast etter om lag 6 veker. Vi frys ned silda om ho ikkje vert henta før 1. mai.

Førearbeid: Før avreise til museet må elevane vere informert om kva som praktisk skal gå føre seg på Kystmuseet. Det er ein fordel om elevar og lærarar har gjennomgått teksten ”Om sildefisket før og no”.

Etterarbeid (for dei som vil):
Skriv ei historie eller lag ein teikneserie der du er med på sildefisket.
Skriv om kva du opplevde på Batalde-bua på Kystmuseet.
Redigere og lage film eller biletpresentasjon av klassen som arbeider med sildeflekking.
Finn foto av fiskebåtar og sildefiske på internett. Lag ei lita utstilling.
Lage måleri av fiskebåtar og ha kunstutstilling.
Elevane finn ut om dei kjenner nokon som har fiskebåt. Kanskje får dei sjå ombord når båten ligg ved kai?Finne matoppskrifter for sild i ulike kjelder. Lage oppskriftsbok.


Kopirett © 2013 Kystmuseet i Sogn og Fjordane.
Brendøyvegen Postboks 94, 6901 Florø.
Tlf. +47 57 74 22 33. Fax +47 57 74 26 80.